tirsdag 22. mai 2012

Bok 25: Borte

Dette er den femte boka eg har lese i serien med politimannen Jack Caffery og politidykkaren Flea Marley.

Det startar med at ein biltjuv stel ein bil med eit barn i baksetet.  Vanlegvis får biltjuvar panikk om dette skjer og set frå seg bilen.  Det viser seg snart at denne mannen vel bilar med barn.

Eg må innrømme at sjølve krimhistoria i denne romanen kanskje ikkje er så god som dei førre.  Men boka er spennande frå perm til perm. Slutten er ikkje overraskande, men kanskje uvanleg?

Dette er ei bok for alle som liker litt tøff krim.  Fordi forfattaren heile tida kjem med hint om fortida til politietterforskarane, og at enkelte hendingar byggjer på tidlegare hendingar, vil eg anbefale å lese dei i kronologisk rekkjefølgje.

1. Fuglemannen.
2. Kuren.
3. Ritualer.
4.  Hud.
5. Borte.

2 kommentarer:

  1. Eg syntest ikkje denne boka var så spennande som dei eg har lese før. Sakna dykkerscenene.

    SvarSlett
  2. Nei, denne vert nok ikkje ståande som den beste ...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...