søndag 6. mai 2012

Bok 23: Noen kjenner mitt navn

I denne historiske romanen møter vi Aminata Diallo, ei elleve år gamal jente frå Vest-Afrika.  Rett før ho skal omskjerast, vert ho bortført og selt til sløvehandlarar. Mor hennar var jordmor, og jenta har plukka opp mykje kunnskap. Ho arbeider på ein indigoplantasje før ho vert selt vidare til ein jøde i New York.  Seinare går ferda tilbake til Afrika.

Mykje av det vi har lese og lært om slavehandel, er tatt med i denne romanen.  Eg trur unge lesarar vil finne den interessant og lærerik.

For meg stoppa det opp eit stykke ute i romanen.  Då begynte eg å synest den var langdryg.  Hendingane vart meir og meir utrulege.  Romanen skulle fått eit pluss hos meg om slutten hadde vore annleis. Men her skjedde akkurat det ein hadde sett føre seg.

Ei tøff handling krev eit tøft språk, meiner eg.  Noko kan kanskje forklarast med at romanen er omsett.  Amerikanarar toler kanskje meir "kliss" enn nordmenn - i alle fall underteikna.  Eg treng heller ikkje "happy end".  Men det skal ho ha: Ho greier å teikne eit nyansert bilde av slavehandelen.  Folk er ikkje skildra i berre svart/kvitt.

Les gjerne meir om romanen her

1 kommentar:

  1. Det er såpass lenge sidan eg las denne boka, at eg har gløymt det meste. Det er sikker rett det du skriv, men eg trur eg likte den ganske godt. Eg kan no berre leite den opp på bloggen.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...