fredag 3. juni 2011

Vaniljeis

Vi er i full gang med førebuing til fjortisfest.  Eitt av ønska var heimelaga is.  Her kjem oppskrifta som vi bruker.  Enklare kan det ikkje gjerast!  Oppskrifta er til ei form på 1,8 l, men den er lett å minske eller auke.
1. Pisk stiv eggedosis av
5 eggeplommer
5 ms sukker (eller mindre)
1 ms ekte vaniljesukker

2. Pisk mjuk krem av
5 dl fløyte


Bland saman eggedosis og krem forsiktig med ein slikkepott og hell dette i forma.  Set i frysaren.

Eg rører ikkje i denne isen, men det kan ein vel gjere om ein vil.

5 kommentarer:

  1. Populært med heimelaga is, skjønar eg. Onsdag måtte eg også til pers og hjelpe Kristine med is ho hadde fått i eit bursdagsselskap til ei veninne. Det var Daim-is, oppskrifta fann ho på nettet. Mange, mange år sidan eg har laga is, men det var enkelt og greitt, så dette må vi gjere oftare.
    Bodil

    SvarSlett
  2. Og det er ein fin måte å bruke restar av både fløyte og eggeplommer. Daim is høyrest godt ut ...

    SvarSlett
  3. Eg brukte heile egga i min vaniljeis, det gjekk bra det også.Eg laga is fordi eg hadde fløyte som var i ferd med å gå ut på dato-så det var derfor.

    SvarSlett
  4. Av og til sel dei fløyte med dårleg dato til lav pris. I sommar kanskje ...

    SvarSlett
  5. Med dårleg meiner eg ikkje utgått!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...