lørdag 18. juni 2011

Bok 30: Min kamp 2

Rundt eksamen vart det lite lesing av anna litteratur enn pensum.  Eg oppdaga forresten at lydbok ikkje er så dumt når ein skal lære inn både fagstoff og få rett uttale i engelsk.  Eg lytta gjennom tekstane to gonger.  Så no føler eg at eg kan engelskboka utanboks ...  Noko krimbok hadde eg ikkje klart å konsentrere meg om i denne perioden, så valet falt på Knausgård.


Også i denne boka vert ein dradd inn i historia om livet hans.  Han skildrar småbarnsperioden ned til minste detalj.  Det vert eit paradoks at han som er så sky og usikker i sosiale samanhengar, utleverer seg på denne måten.  Eg ser uttrykket "ekstremrealisme" vert nytta.  Samtidig er det kanskje fordi han er så kjenslevar, at han hugsar alt i minste detalj?

Det vert nok til at eg les Min kamp 3 også - etter ein liten pause ...

2 kommentarer:

  1. Du kan glede deg til bok nr.3. Det er den beste i heile serien. Han diktar nok litt innimellom, ingen kan hugse så mykje. Har skrive fleire kommentarar til blogginnlegga dine, men dei har ikkje kome inn på.

    SvarSlett
  2. Eg skal lese ferdig "Beatles" først! Lite tid til lesing for tida med avslutningar i alle retningar. Men det kjem snart rolegare tider.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...