I dag tidleg hadde eg sett på kaffien og skulle til å hente avisa, då telefonen ringte. Frisørtimen min vart avlyst. Då var det berre å endre planar for dagen. Kva med å kjøpe hekk? Jau, det var ein god idé. Vi har litt ulike syn på kva som er ideelt, men bestemte oss for å sjå kva som fanst i byen. Der var ulike plantar, men berre nokre få av kvar! Kva gjer ein, reiser til Furene? I farta kom eg ikkje på at Pekas kanskje hadde vore nærare.
Vi bestemte oss for å handle der vi var og begynne i ein ende, så kan det hende vi finn same plantane ein annan stad. Eg skal legge lappane i lommeboka. Om slekta manglar gåveidéar, så kan dei no vere på utkik etter fire plantar av kvar viss dei er i Furene.
Spiraea Japonica "Anthony waterer" (Mørkeraud)
Spirea Cinera "Grefsheim" Brudespirea
Elles vart veret mykje finare enn frykta, så vi har fått ordna litt småtteri i hagen til helga.
Trur du kan vere glad for at du ikkje for på Pekas, for maken til elendige plantar som vi såg der,har eg knapt sett. Vi skal på busstur med Pensjo-laget til Runde komande torsdag, men då kan vi ikkje ha med plantar.Du får seie i frå viss du får tak i andre stader-elles prøver vi her.
SvarSlettIkkje noko hast! Når dei er i potter, står dei seg. Øystein skal lese i Volda den 24. Eg skal seie frå om eg finn, men eg veit ikkje om det vert leita for å seie det sånn.
SvarSlett