lørdag 11. juni 2011

To halve hekkar

 I dag tidleg hadde eg sett på kaffien og skulle til å hente avisa, då telefonen ringte.  Frisørtimen min vart avlyst.  Då var det berre å endre planar for dagen.  Kva med å kjøpe hekk?  Jau, det var ein god idé.  Vi har litt ulike syn på kva som er ideelt, men bestemte oss for å sjå kva som fanst i byen.  Der var ulike plantar, men berre nokre få av kvar!  Kva gjer ein, reiser til Furene?  I farta kom eg ikkje på at Pekas kanskje hadde vore nærare.

Vi bestemte oss for å handle der vi var og begynne i ein ende, så kan det hende vi finn same plantane ein annan stad.  Eg skal legge lappane i lommeboka.  Om slekta manglar gåveidéar, så kan dei no vere på utkik etter fire plantar av kvar viss dei er i Furene.
Spiraea Japonica "Anthony waterer" (Mørkeraud)
Spirea Cinera "Grefsheim" Brudespirea

Elles vart veret mykje finare enn frykta, så vi har fått ordna litt småtteri i hagen til helga.

2 kommentarer:

  1. Trur du kan vere glad for at du ikkje for på Pekas, for maken til elendige plantar som vi såg der,har eg knapt sett. Vi skal på busstur med Pensjo-laget til Runde komande torsdag, men då kan vi ikkje ha med plantar.Du får seie i frå viss du får tak i andre stader-elles prøver vi her.

    SvarSlett
  2. Ikkje noko hast! Når dei er i potter, står dei seg. Øystein skal lese i Volda den 24. Eg skal seie frå om eg finn, men eg veit ikkje om det vert leita for å seie det sånn.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...