lørdag 25. juni 2011

Valfag - ei lita meiningsmåling

Då ungdomsskulen tok vekk valfaga, var mange av oss skeptiske.  Skulekvardagen ville bli altfor teoretisk for elevane.  Nokre av oss peip om sparing.  Set ein elevane i store klasser, sparer ein.  Valfag i halve klasser kostar.  No har regjeringa tatt til vit.  Neste haust skal åttandeklassingane få velje valfag.


Kva ville du ha valt?  Eg har laga ei lita meiningsmåling! Nedanfor ser du faga.  Som de ser, kan det kome fleire etter kvart.  Stem på meiningsmålinga, og kommenter gjerne under.


De åtte valgfagene er


1) Produksjon for sal og scene
elevene skal sette opp en forestilling eller lage en film/video.

2) Produksjon av informasjon
elevene skal lage og drifte en nettbasert skoleavis.

3) Produksjon av varer og tjenester
elevene skal produsere og tilby konkrete produkter eller tjenester.

4) Fysisk aktivitet og helse
elevene skal utforske egne fysiske forutsetninger og bli bevisst forholdet mellom fysisk aktivitet, kosthold og helse.

5) Design og redesign
elevene skal utvikle kreativitet, åndsverksferdigheter og miljøbevissthet.

6) Forskning i praksis
elevene skal utvikle analytiske, faglige og formidlingsevner gjennom forskningsprosjekt på selvvalgte tema innen skolens fag.

7) Internasjonale kontakter
elevene skal etablere kontakt med ungdom i andre land for å utveksle erfaring om tema innenfor RLE og samfunnsfag.

8) Teknologi i praksis
elevene skal utvikle teknologisk kunnskap gjennom å konstruere og fremstille gjenstander ved hjelp av varierte materialer og teknologiske løsninger.
Valgfagene skal være praktisk innrettet og føre til økt motivasjon og læring. De skal være tverrfaglige og ha innholdselementer fra minst to fag.

5 kommentarer:

  1. Etter å ha høyrt far til Bystudenten beskrive mangelen på ingeniørar og sivilingeniørar innan oljerelaterte fag og sett kor også skuleflinke elevar finn spanande prosjekt utanom faga sine istadenfor å vere ihuga studentar ville eg ha valgt 6 eller 8.
    Eg ville ha valgt 5 for kosens skuld.
    Eg ville ha valgt 7 sidan eg er oppteken av internasjonale spørsmål - men vert litt engsteleg med tilknytninga til RLE...

    - og i røynda ville eg vel ha valgt 2 som ein har gjort, men då i stensilformat! Valfaget eg har hatt størst nytte av var touchmetoden på skrivemaskin - bokstavane er på same plassane på tastaturet, medan rosemålingsvalfaget ikkje vart utvikla vidare!

    - og med eit ynskje om fleire språkfag - kanskje også morsmålsfag.

    SvarSlett
  2. Eg forstår det slik at språkleg fordjuping skal vere som no. Språk skal vel gå inn i dei andre? Kunne tenkt meg kurs i eit av faga!
    Her er mange spennande fag, men dei må inn i utdanninga til lærarane og?
    Eg hadde og opplæring i maskinskriving i tillegg til handarbeid i si tid. Eg bruker å seie at eg kan både hakke, pjone og gimpe om det trengs ...

    SvarSlett
  3. Dumt det ikkje er før til neste år..
    Yngstemann skal begynne på 8.trinn til hausten..
    Men klokt å ta det tilbake..

    SvarSlett
  4. Håpar inderleg at lærarane får gode kurs - eller det er høve til å gå utanom bøagarden for å finne lærarar -
    Her hjå oss er det nok dei utruleg bra lærekreftene som gjer det årlege prosjektet for scene dei gjer på skulen her på Øyri som er den store forskjellen - fordi dei greier å lokke litt meir ut av elevane enn vi forventar, kvart år!

    SvarSlett
  5. Ressurspersonar finst, kanskje ikkje minst i kulturskulen. Der skulle det vere lett å inngå samarbeid.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...