fredag 24. juni 2011

Gratulerer Einar!

Den 24. fyller Einar 24.  Han er halvparten så gamal som meg, altså så gamal som eg var då eg fekk han.  Bildet eg knabba frå facebook, reknar eg med er tatt medan han arbeider for VG nett.

Då han var liten, vart han som eldstemann samanlikna med andre born.  Medan andre hoppa og spratt og sette seg ned for å kvile litt, leika han jamt og trutt - heile tida.  Det gjer han enno.  I år har han tatt eit grunnfag ved sida av frilansoppdrag for VG og Sunnmørsposten.  I tillegg har han stilt opp for Hareid IL/fotballgruppa.

I dag har han visst ikkje tid til å feire, men han er invitert på middag.  Eg har laga pasta bolognese, og systera har laga bringebærgele.

2 kommentarer:

  1. Gratulere til store guten..
    Lik faren trur eg ;-)

    Svært kor tett med dagar hjå dykk..

    God helg!!

    SvarSlett
  2. TAKK!
    Ja, no er det pause i vel ei veke ...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...