Ein kollega av meg har begynt å lage sitt eige tacokrydder. Ho hadde vore inne på Trines matblogg og funne oppskrifta. Eg og måtte sjølvsagt prøve!
Utfordringa var å finne alle kryddera. Eg visste at chiliflak var å få på Mega Ulsteinvik. Så fann eg nokre på Coop Prix Hareid og resten på Spar Hareid. Neste gong skal eg skrive alle på liste og handle i Ulsteinvik. Det einaste eg var usikker på, var spisskummin. Eg kjøpte heile frø og knuste dei litt i morter. Kollegaen min hadde brukt malen spisskummin. Det skal eg gjere neste gong, for eg synest den smaken var litt dominerande.
Elles dobla eg oppskrifta og oppdaga at eit krydderglas er akkurat 6 matskeier. Heile glaset med meksikansk chilipulver gjekk med. Til kvar pakke kjøtdeig går det med 2 ts av krydderet. Familien synest det var godt.
Mora mi og systera mi fekk med seg kvar sitt lite glas heim for å prøve. Eg ventar respons i kommentarfeltet når dei har testa det!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar