mandag 13. juni 2011

Har nokon kjøpt pinseseviettar, kanskje?

Poenget til presten var at pinsa ofte vert gløymt som høgtid.  Vi feirar jul og påske.  Vi pyntar og styrer.  Pinsa sin farge er raudt, fekk vi vite.
 I går låg skodda langt ned i fjella.  I dag såg det litt betre ut klokka ti.
 Vi kom oss opp.  Hjørungavågspeidarane bruker å hjelpe til.  Om dei overnatta i telt i år, veit eg ikkje.  Hjørungavåg Brass spelte.
Det vart ingen treretters i dag.  Berre hovudrett, men med fars kveitefangst.

På turen nedover kom eg på kva som må til for at folk skal få opp auga for pinsa som høgtid: Fri frå Kristi Himmelfartsdag til pinse! Ved nærare ettertanke har eg kome fram til at det er nok fest og feiring i mai, og ein fjelltur er eigentleg mykje meir avslappande enn alternativet.

5 kommentarer:

  1. Trur nok ikkje at allverdens FRI får folk til å ville forstå Pinsa..
    Er nok den vanskelegaste høgtida for folk flest..
    Pinseserviettar, ja det ha vel gjort seg..
    Kanskje raude med kvit due på ;-)

    SvarSlett
  2. Noko sånt! Vi knyter vel rett og slett ikkje noko anna til pinsa som englar, nissar, harar eller kyllingar ...

    SvarSlett
  3. Duer er bra.Fargen raudt relaterer eg til jul.Kvitsun er eit gammalt ord for pinse, derfor meiner eg at pinsa er kvit -og ev. grøn.Eit pinsebord ville eg dekka i kvitt og grønt. (Nesten som voksduken på kjøkkenet vårt!)

    SvarSlett
  4. Det var presten som sa at pinsefargen er raudt, men dei raude serviettane er i julekassene ... Eg har ikkje tenkt så mykje over det.

    SvarSlett
  5. Fargen for pinsa bør no vere kvit. Namnet Kvitsun (engelsk Whitsun)refererer til ein tradisjon med dåpsdrakter, etter det eg har høyrt. Det presten seier er sikkert tilfelle, men då snakkar ein om liturgisk farge. Raudt er , så vidt eg veit, ingen liturgisk julefarge. Det er nemleg kvitt...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...