onsdag 18. januar 2012

Myndig mann!

For 18 år sidan kom Håkon til verda som yngst av tre brør.  Han var størst som baby, og no har minstemann blitt høgst.  
 På mange av barndomsbilda er systera med.  Eg fann ikkje det første bildet av dei to saman - det vi kallar "ho liknar no litt på ein bror".  Då den første skuffelsen hadde lagt seg, vart han svært glad i henne.
 Dette er litt av produksjonen frå jula rett før han vart fire.  Den tida det var film, vart det ikkje fotografert så mykje som no.  Eit godt råd til alle småbarnsforeldre: Ta bilde av alle barneteikningane!
 Eit par juler seinare.
Og her er den viktigaste juleaktiviteten etter at han begynte på ungdomsskulen.

I dag er vi opptatt i alle retningar.  Håkon fekk bestemme middagen.  Det vart pølsegryte.  Desserten var ei iskake frå jul og bærdessert.  Det vert nok meir feiring med slekta seinare.

Kva er det beste med å bli 18? For foreldra er det vel at ein slepp å møte i banken.  Vi har kanskje vore på vårt siste foreldremøte for han?  Kontaktmøte er det vel frivilleg om ein vil ha med foreldra etter ein er 18, men eg meiner eg har vore med i 2. klassa.  Elles så er vel overgangen til vaksenverda ganske gradvis for ungdomar i dag.

Førarkort vart det ikkje i dag.  Der var det ei lita venteliste.


7 kommentarer:

  1. Så kjekt!
    Gratulere til Jubilanten :-)

    Vår midt i mellom vert 18 på søndag
    og eldstemann 20..
    tida går..

    - ha fin kveld -

    SvarSlett
  2. Gratulerer så mykje med den store og viktige dagen!

    SvarSlett
  3. Takk for det! Vi har to midt i mellom. Han andre vert snart 22.

    SvarSlett
  4. Gratulerer med 18-åringen! Tida går og det er litt vemodig å sjå tilbake.

    SvarSlett
  5. Ja, ein er godt vaksen når ein er mor til tre myndige menn!

    SvarSlett
  6. Takk for koselig kommentar på bloggen. Det er alltid trivelig med nye følgere:)

    Morsomt å se at du også er glad i å lese. Har plukket med meg noen boktitler etter å ha tittet litt i bloggen din. Tunikaen du strikker ser ut til å bli skikkelig flott. Gleder meg til å se det ferdige resultatet.

    SvarSlett
  7. Tunikaen er rask og strikke. Det vert vel helst ein supportar eller juletentamenstunika.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...