torsdag 5. januar 2012

Årets bok 2011

Eit fast blogginnlegg etter nyttår er "Årets bok".  Eg plukkar ut den beste boka eg las året før.  I 2011 las eg 61 bøker.  No har eg sett raskt gjennom lista og sett at eg har likt mange av dei.  Andre har eg "slakta".

Eg les mykje krim.  Det er god underhaldning, og krim er gjerne det du finn når du leitar etter lydbøker på biblioteket.   Mange forfattarar har dessutan hive seg på krimbølgja.  Så det finst mykje god krimlitteratur, men også rikeleg middelmåtig.

Den beste krimboka eg har lese i år, er nok Flaskepost fra P.  Det er den tredje i rekkja av same forfattar med same persongalleri.  Eg håper det kjem fleire!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...