torsdag 12. januar 2012

Spiralhue

 I same oppskriftheftet som eg fann oppskrift på halsen eg strikka, er der og oppskrift på ei hue.  Mønsteret er svært enkelt.  Legg opp 59 masker på pinnar nummer 7, og strikk 2 rette og to vrange. Etter nokre centimeter skiftar ein til pinnar nummer 9. Hua skulle vere nokre centimeter lengre, men då hadde eg ikkje hatt nok tråd.  Her hadde dei bomma berre med eitt nøste ...
Vi var samde om at hua var lang nok.

7 kommentarer:

  1. Eg synest den vart fin, og mønsteret var enkelt!

    SvarSlett
  2. Tøff hue, men eg forstod ikkje heilt mønsteret.

    SvarSlett
  3. Med to rette og to vrange og ei maske for lite, forskyv mønsteret seg og går i spiral.

    SvarSlett
  4. Tenkte meg noko i den retning, ja. Nesten som lestebrota mine,det, berre at der strikkar eg 4 omgangar mellom kvar forskyvning.

    SvarSlett
  5. Ordet hue har eg vorte nøydd til å slutte å bruke. Austlendingane eg omgjev meg med forstår meg ikkje, heilt enkelt.

    SvarSlett
  6. Ord og uttrykk endrar seg fort her. Akkurat no irriterer eg meg over mjølkekartongane - på bokmål. Gårder i Stryn vert liksom feil for meg. Samtidig seier frøkna låve, kvar ho no har det frå. Det er vel langt i mellom løene etter kvart...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...