lørdag 7. januar 2012

I bruktbutikken

I dag gjekk eg meg ein tur ut midt på dag for å sjå dagslys.  Det gjer godt etter ein har vore inne og vaska ei økt.  Då eg var nede i gata, såg eg at der var mykje folk på bruktbutikken, så eg tenkte det gjekk an å gå inn og berre kike. 

Nokre av blogglesarane hugsar kanskje at sist eg var der fann eg ei skål som var heilt lik ei mor mi knuste ein gong på 80-talet.  Dei fire små skålene ho hadde att, har eg fått ein gong.  Sist eg var i Ørsta, fekk eg ei einsleg skål til som hadde funne på bruktbutikken der.  I dag fann eg ei til i tillegg til ei flat skål.  Den kan lett oppbevarast under den andre, tenkte eg.  Den kan til dømes vere fin til ein fromasj eller ei kake som ikkje skal steikast.  Uansett er det eit pluss å ha seks små skåler!

2 kommentarer:

  1. Det fatet toler å bli steikt i, iallfall hos mi venninne Gunda (!!). Ho samlar på grønt glas, og har dette fatet. Sist eg var der fekk eg servert fyrstekake som ho hadde steikt direkte i fatet. Du får vurdere kor risikovillig du er, men det går altså fint hos henne.

    SvarSlett
  2. Takk for tips! Eg fav 30 kroner for fatet, så det er ikkje prisen som ev. stoppar meg. Eg tenkte at ein marengsbotn eller to med krem og frukt kunne passe bra. Den skal no steikast på svak varme...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...