tirsdag 3. januar 2012

Bok 1: Bunnen av himmelen

I denne romanen møter vi først Mariangela Nielsen som er spesialrådgivar for EU-kommisjonen i Brussel.  Ho skal møte ein mann som vert drepen i ei trafikkulykke. Leilegheita hennar er rasert når ho kjem heim att.  Det vert til at ho reiser til Noreg for å få hjelp av offiseren og Afghanistan-veteranen Martin Mæle. Det viser seg at han er innlagt på psykiatrisk institusjon på Rauøy fort i Oslofjorden.

På denne øya utspelar det seg litt av eit drama.  Politietterforskarane Mariangela Nielsen og Matin Mæhle kjem til øya og arbeider med å avsløre å medisinske eksperiment på soldatar som har vore i Afganistan.

Romanen er full av action.  Miljøet og problema den skildrar, er relativt nye for meg.  Eg synest denne romanen er annleis og spennande.  Eg ser at den er nummer fire i rekka.  Eg ser ikkje vekk i frå at eg kjem til å lese dei første etter kvart.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...