fredag 6. januar 2012

Og jula varer heilt til?

 Når ein tek seg ei lita bloggrunde, kan det sjå ut som folk har rydda ut jula og fått januarfargar på plass.  Kor tid er det på tide å rydde vekk julepynten?  Eg meiner ein gong mellom i dag og neste fredag, må vere passeleg.  Av erfaring veit eg at det er lurt å begynne, for ein finn alltid pynt som har snike seg vekk.  Så vi ryddar i dag, og neste veke ber vi kassene opp på loftet.  Eg ser forresten at det skal vere sal på plastkasser med lok på Nille på måndag.  Eg vurderer å kjøpe nokre gjennomsiktige.

Eg motiverer meg sjølv til rydding og vasking med å kjøpe meg litt nytt.  I dag kjøpte eg tre primula for 59 kroner på Floriss.  Frøkna tok ut fargane.
Denne fine bordskånaren frå Kari sin butikk hadde kome saman med julepynten.  Men sei meg, kan ikkje dette vere heilårspynt, eller i det minste takast fram morsdag og valentinsdagen?  Viss ikkje, må eg kjøpe meg nokre eplegrøne i eplefasong neste gong eg treng motivasjon til ryddig og vasking.

7 kommentarer:

  1. ♥ er så flott at det MÅ vere lov å ha framme andre tider enn til Jul ;-)

    Har ikkje rydda ut eg heller..
    Tenkjer at tida frå 13.dag til 20.dag er passeleg.

    God helg!

    SvarSlett
  2. Har også starta i dag; - julekrybba frå Betlehem forsvann då eg skifta den store kvite duken med juleløpar frå spisebordet, dessutan adventskalendaren på spisestova og nissane som hang på gardina i spisestovevindauga...
    Har rikeleg igjen endå, men 20.dag jul bør det vere lagra der det skal vere til desember!
    God helg!

    SvarSlett
  3. Då er vi bra einige! I morgon reiser studenten attende til hovudstaden også. Vi er attende til kvardagen.

    God helg!

    SvarSlett
  4. Eg kjøpte to eplegrøne plastkasser med lok på Europris i dag. Om dei blir brukte til julepynt, veit eg enno ikkje,

    SvarSlett
  5. Stadig fleire pyntar meir og tidlegare til jul, og då er det naturleg at ein vil rydde ut jula òg. Eg har rydda ut det aller meste, men beheld jula i kjøkenglaset og på eit tre utanfor huset.

    SvarSlett
  6. Eg kjøpte slike tovahjerter hos Kari i fjor til jul, hadde ikkje råd til å legge dei vekk.
    Syns me kan bruke dei heile året !

    Nydelege er dei!

    SvarSlett
  7. Ja, eg vurderer å kjøpe fleire - eller ein annan fasong og farge. Ho har andre fine - og lagar sikkert nytt etter kvart.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...