mandag 2. januar 2012

Smuldrepai

 I går tenkte eg det var på tide å prøve ei av oppskriftene i kakekokeboka eg ønska meg - og fekk - til jul
 Boka er sjølvsagt full av oppskrifter. Forfattaren er utdanna konditor og kjem med ein del gode råd langsmed.  Han kjem og med alternativ, noko eg synest er kjekt viss ein skulle mangle ein ingrediens.

Smuldrepai er populært i familien. Eg har utarbeidd ei oppskrift som vi likar svært godt.  Sjekk denne steg-for-steg-oppskrifta.
 Eg la 3 eple, det vil seie eg lurte i 4, i ei eldfast form.  Deretter strødde eg på 3 ms sukker og 1 ts kanel.  Til slutt hadde eg over skalet og safta av 1/2 sitron.
Smuldredeig av 100 g lettkokte havregryn, 100 g kveitemjøl, 100 g smør i terningar (sidan det kom rett frå kjøleskåpet) og 100 g melis laga eg raskt i foodprosessoren.

Smuldrepaien fekk steike ved 180 grader i ca 1/2 time.  Eg sette den langt nede i omnen, for eg ville at epla skulle verte mest mogleg steikte.

Vurdering: Samanlikna med mi eiga oppskrift, så vil eg seie at eplefyllet her var godt.  Sitronen gjorde det friskt. Sjølve smuldredeigen var sprø, men eg sakna netene. Så seier også forfattaren av kokeboka under at han synest paien er aller best med neter og rosiner.  Dette kan ein strø over epla før ein har på smuldredeigen, seier han.  Her ser det ut til at eg må utarbeide min eigen formel.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...