tirsdag 22. mars 2016

Påskepjask

 Idéen til å strikke desse gryteklutane fekk eg av ei tiandeklassejente.  Ho strikka dei med fargane i mønsteret.  Eg bytta ut oransje med grønt då det ikkje fanst oransje i Sumatra i butikken.
Gryteklutane var kjekke å strikke. Eg lærte korleis ein skal legge ut pent i begge sider.  Før har eg gjort det berre med å ta opp ei maske og strikke den vridd.  No har eg lært ein annan måte å gjere det på i venstre side.

Det er godt og viktig å ha gode gryteklutar.  Etter påske skal eg strikke meg nye med same garn i eit anna mønster.  Mønsterstrikking gjer at dei vert ekstra tjukke.  I oppskrifta står det at ein kan bruke pinnar 4 eller 4 1/2.  Eg valde det siste sidan det stod på garnet.  I framtida vil eg bruke 4.

5 kommentarer:

  1. Er dei strikka rundt, slik at dei er doble?

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, dei er doble, så eg trur det vert umogeleg å brenne seg!

      Slett
  2. Kor fine dei er.
    Og dei ser gode ut.

    God påske !

    SvarSlett
  3. Fine! Eg har lurt på å strikke desse eg og, men har mangla inspirasjon. Heklar på eit teppe i litt påskeaktige fargar for tida. God påske, forresten!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...