torsdag 5. juli 2012

Camping før og no

 Både Øystein og eg har gode minne frå barndomen sine campingturar.  Bilen var utstyrt med presenning på taket.  Eg hugsar ein grå pose som vart festa med stropper.  Med litt fart flagra det godt, og bilen rista.

I år vart det litt snakk om kjølebagar.  Eg kom fram til at vår var med til Italia i 1985, og at det kanskje var på tide å fornye seg?  At eg ikkje orka å leite etter kjøleelementa, er ei anna sak.  Den nye kan visst halde mat anten kald eller varm.  Den heldt i alle fall mat, og ikkje minst drikke, kjølig og god.

I gode, gamle dagar låg ein sjølvsagt i telt.  Berre om veret var skikkeleg ille, kunne ein vurdere å legge seg inn på ei hytte.  Hyttene hadde gjerne ei kokeplate og eit lite kjøleskåp. Elles gjekk det i koking på primus og oppvask i fellesrom.
 Vi hadde med oss pastasalt første dagen, for vi ville ikkje begynne med matlaging.  Berre to ting er lurt å ha med, synest vi, nemleg ein vasskokar og ei presskanne.  Då kan ein enkelt lage seg god kaffi.
 Eige toalett vil vi også helst ha!

 To soverom er greitt sjølv om ein berre er tre.  Kva skal ein seie om stilen?  Både duken og sofaen var ny.
Ikkje alt har forandra seg!?
Baksetemoroa kunne ein ha skrive mykje om.  Setebelte var ikkje oppfunne i baksetet på 70-talet.  Eg synest å hugse at samanrulla soveposar var plassert mellom oss - sikkert også for å spare plass.  Stuing var nok ein større kunst då.

Mange vil nok meine at borna skal sjå på landskapet og interessante ting som dukkar opp? Kanskje det, men eg er sikker på at eg hadde ønska meg ein sånn DVD-spelar om eg hadde vore barn eller ungdom i dag.

No som før kjem ein familie tett innpå kvarandre på ein campingtur, og det er vel det viktigaste?


4 kommentarer:

  1. Ja jeg skulle gjerne hatt en slik dvd spiller da vi kjøret frem og tilbake til Jæren når ungene var små. !2 timer i bil er lenge uansett alder. Men det gikk jo utrolig bra tross alt. Ellers så var det flere barndomsminner i det du skrev. Vi var en gang 3 voksne og 4 unger i en ikke alt for stor stasjonsvogn. Uten seler, og så satt vi ofte ganske høyt fordi vi satt på en del sengetøy- Mor og far brukte dyner også i telt(noe jeg også gjør, visst jeg må ligge i telt)
    Må nok kjøpe meg en slik kjøleboks. Veldig godt å ikke ha svett ost og varmt drikke på tur.
    Ha ei herlig helg :)

    SvarSlett
  2. Eg nektar å bruke dvd-spelar i bilen, men høyrer lydbøker og musikk i staden.

    SvarSlett
  3. For oss som vaks opp i ei tid utan privatbilar, var det stort å få eigen bil og komme seg ut i verda. Men eg kan hugse at ungane ikkje var interesserte i å sjå ut....
    Eg ser meg interessert omkring enno når vi er ute og fer-og har alltid eit kart i fanget så eg veit kvar eg har vore. Elles var ikkje campinglivet alltid like festlig, var litt veravhengig, for å seie det slik. Store klesvaskar som ikkje alltid var like lett å få tørre, overfylte campingplassar, uappetittlige toalett etc.etc.

    SvarSlett
  4. Standarden på det meste har endra seg sidan vi var små. For oss er det kjekke minne, men eg tenkjer på dei som sette opp telt og ordna med mat. McDonalds var ikkje noko alternativ.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...