mandag 16. april 2012

Bok 21: Arven


Arven, som er den første romanen til forfattaren, gjekk rett på bestseljarlistene, kan vi lese. Det forstår eg godt.

Det er ein slektsroman med handling frå to kontinent. Oppskrifta er kjent og enkel.

Hovudpersonen arvar eit gods saman med søstera si - på vilkår.  Dei må bu der.  Søstera slit med psykiske problem.  Kan det ha noko med at ein jamaldra gut forsvann i leik då dei var åtte og tolv år gamle?

Parallelt får vi høyre om oldemora, ei overklassejente, som forelska seg i ein kvegeigar
og flyttar på prærien.   Hennar historie er tøff og brutal.

Tittelen arven kan tolkast som den fysiske arven, altså godset, eller alt det andre som vert overført frå generasjon til generasjon.  Det gjer vel mange klokt i å ta tak i.

Hovudpersonen nøstar opp familiehistoria.

Som blogglesarane veit, har eg lett for å slakte slike bestseljarar.  Denne romanen har noko i seg som gjer at eg let det vere.  Eg synest ho unngår dei verste klisjéane.  Her er lite klissete språk, noko som ikkje ville ha stått i stil til den heller tøffe historia.

Eg gav romanen fire stjerner.

3 kommentarer:

  1. I sin sjanger er denne boka slett ikkje verst. Som du veit las eg nettopp bok nr to av same forfattaren.

    SvarSlett
  2. Eg har lese denne boka og synest den var Ok.

    SvarSlett
  3. Om det ikkje er stor litteratur, så er det i alle fall god underhaldning. Eg les gjerne fleire av same forfattar.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...