fredag 13. april 2012

Pasta med pesto

 I dag var eg så sliten etter seks undervisningstimar at eg pakka datamaskina og ein bunke engelsktentemenar i sekken og for heim klokka to. Eg rakk både å lage middag og dekke bord før vidaregåandegjengen kom.
Dagens rett ver inspirert av Gunda. Eg steikte kyllingfiletar i strimlar og hadde i eit halvt glas pesto, ein kremost og litt eplejus.  Elles tok eg dei grønsakene eg hadde og surra i olje, nemleg paprika, blomkål, purreløk og ei gulrot som eg snitta opp med ein ostehøvel.  Dette blanda eg saman med ca 400 g kokt fullkornpasta og kverna pepar over. Har ein ikkje kremost, kan ein sikkert bruke fløyte.


3 kommentarer:

  1. Mmm, ser godt ut.

    Hm, 6 undervisningstimar i strekk kan vere
    nokså travelt ja.
    Men eg saknar det...

    God helg !

    SvarSlett
  2. Det forstår eg godt! Fredagene har eg først tre timar på skulekjøkenet, så ein norsktime og til slutt to timar tekstilforming. Det kan vere ein tøff kombinasjon til tider. Men så lenge ein er frisk, skal ein ikkje klage.

    God helg!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...