Eg har kome fram til at eg vil kalle kåringa mi "årets lesaroppleving", for då kan eg trygt ta med klassikarar og litt eldre bøker. Eg har gått attende for å sjå kva bøker eg har likt best, og kva for bøker som har gjort meir varig inntrykk.
I år vil eg, kanskje overraskande for mange, gå for ein såkalla bestseljar.
Djupast sett handlar all god litteratur om livet, døden og kjærleiken, plar eg seie til elevane mine når eg skal forklare dei kva tema er. Det gjer også "Et helt halvt år". Vennskap står og sterkt. Kontrasten mellom det å vere fattig og det å vere rik, vert viktig.
"Et helt halvt år" stiller mange spørsmål, og ein får kanskje svar ein ikkje liker. Kva gjer eit liv verd å leve? Må vi leve berre fordi legevitskapen kan halde oss i live? Kan ein velje å ta sitt eige liv? Kva med dei som berre går viljelaust rundt utan å sette pris på livet og utan å sette krav til seg sjølve?
Personane er godt skildra. Ein ser dei for seg! Eg vart derfor ikkje overraska då eg såg at det skal lagast film av romanen!
Dette er ein roman som passar for både unge og gamle, vil eg tru!
Eg gle meg til filmen.
SvarSlettEg og!
SvarSlett