Dette vert nok siste innlegget med dekka bord på ei stund. Mellomstemann reiste i kveldninga. Vi har fått litt snø, og no merkar vi allereie at sola har snudd. Det var lyst klokka fire om ettermiddagen! I dag serverte eg svinekotelettar. Då eg stod og skar opp brokkolistilken til kaninen, tenkte eg at ho må i alle fall vere glad for at det er slutt på jula. Kaninar et ikkje rabbe, som vi seier her.
I går kokte eg ertesuppe og serverte siste julemiddagrestane til. Potetene og rabbebitane kokte eg i suppa. Kjøtet varma eg i til slutt.
Blogglesarane legg kanskje merke til det nye lyset mitt? På Christiania Glassmagasin sel dei ulike produkt i nylaga (relanserte) Norgesglas. Eg har ikkje så mange slike små, og kunne tenke meg nokre til solsikkefrø og liknande. Før jul syntest eg prisen var noko stiv, og fann ut at eg ville vente til dei eventuelt kom på halv pris. Det gjorde dei i romjula. Lyset skal brenne i 85 timar og er sikkert av god kvalitet.
Dette bildet knipsa eg i dag berre for å sjekke mobilkameraet. Det er sikkert heilt greitt til å dokumentere turar og liknande!
No prøver eg å kome meg ut av feriemodus ...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar