fredag 6. februar 2015

Tupperwareting

I går fekk eg tinga eg bestilte på Tupperwarepartyet førre veke.  Flaska var ei gåve.

For ei stund sidan såg eg på ein annan blogg, fru Tunheim, trur eg, at ho hadde kjøpt seg Tupperwareslikkepottar.  Då tenkte eg at eg skulle ta meg råd til det neste gong eg vart invitert på party.  Til jul ønska eg meg slikkepottar, for dei eg har, held på å takke for seg.  Eg fekk ein stor, flott som høver til store bollar.  Men  eg saknar av og til slike små.  Vispen var på tilbod og skal vere fantastisk.  Tida vil vise om han vert skuffefyll ...

Eit par gåver har eg og kjøpt, så eg kan ikkje vise fram alt her.

4 kommentarer:

  1. Skikkelige slikkepotter må en ha når en lager mat.
    Og den vispen kan jeg faktisk tenke meg er god.
    Kan jo vente litt så jeg ser hva du sier etter å ha prøvd den,
    men jeg har lyst til å kjøpe meg en slik.
    Flotte luer under her da.
    Ha ei flott helg :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det! Eg skal prøve å hugse å legge ut ei tilbakemelding på vispen!

      Slett
  2. Eg fekk to slikkepottar med deg ein gong, som er veldig gode. Men veit ikkje kvar du kjøpte dei. Mange slikkepottar held ikkje mål. Den beste Tupper-tingen vi har er "fiske-fatet" med dobbel botn. Det brukar vi nesten kvar dag, skulle nesten hatt eit til. Kanskje dei er å oppdrive?

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg får seie frå neste gong eg skal på party!

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...