lørdag 21. februar 2015

Mor mi og eg ...

... er like svake for fine og gode panner!  Denne panna hadde ho kjøpt til meg førre helg.  Då servert eg suppe i henne med det same. Ein set ikkje ei 15 liter stålpanne rett på bordet.  Denne derimot ...

Ein gong er skulle finne høyrygg med bein til å koke suppe på, fekk eg prissjokk. Ein må betale like mykje for kjøt med bein som beinfritt kjøt som høyrygg eller flatbiff. Ein kollega tipsa meg om å bruke fond.  Det finst i slike flasker eller i porsjonspakkar.  Eg smakte til kjøtsuppa mi med fond.  Då hadde eg allereie kraft kokt på biffkjøt og løk.  I dag kokte eg ein enklare variant med pølsebitar i og fekk nytta resten av flaska. Smaken kan ikkje samanliknast med buljong.  Det vert mykje betre.

Til dessert høvde det med vaflar.  Både suppe og vaflar er smarte rettar for å få rydda i kjøleskåpet.

3 kommentarer:

  1. Då eg kjøpte den panna var det den siste dei hadde. I går såg eg at dei hadde fått ny forsyning til samme pris. Fond har eg som regel i kjøleskapet, der finst mange variantar og merke. Går ut frå at dei dyraste er best?

    SvarSlett
  2. Eg liker desse flaskene, derfor kjøper eg dei. Eg har ei til uopna. Det spørs om eg skal prøve dei i porsjonspakkar, og så med tanke på skulekjøkenbruk.

    SvarSlett
  3. Flott panne ! Kjekt å kunne sette på bordet.
    Takk for tips om fond. Finn eg det i butikkane her ute skal tru ?
    Eg kokar knokar og kjøt, det hadde vore artig å prøvt noko enklare.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...