lørdag 22. april 2017

Litt nytt til kjøkenet

Innboksen min flyt over av gode tilbod.  Butikkar lokkar med forskjellig for å få e-postadressa mi. Eg slettar stort sett desse mailane etter kvart. Torsdag let eg meg likevel lokke av -30% på Kitch'n. Krukka mi med kjøkenreiskap er full, og eg ønska meg ei til. Det er for tungvint å opne skuffer for den minste ting, har eg kome fram til.  I staden for å ha ståande to raude, valde eg ei grå.  Mummikoppen er til frøkna som samlar på dei.  Dette er sesongkruset for 2017.  Dei plar ikkje kome på halv pris. Fjøla har eg og sett på før.  No har eg olja henne, så ho er klar for bruk.

1 kommentar:

  1. Innimellom er det lov å la seg friste :-)
    Fine val!

    Fin ny veke i snøkaven.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...