torsdag 13. april 2017

Skjærtorsdag 2017

 
I ag for studentane kvar til sitt, ho med morgonfly og han med nattbuss. Siste dagen heime ville han besøke besteforeldra, så han og faren tok seg ein tur til Ørsta.  Brørne øvde seg på løp.
 
Eg fann ut at eg ville steike pannekaker slik at det og kunne vere niste på nattbussen.  Eg kokte og kraft på kotelettbein som eg hadde salta tidlegare i påska. det vart utgangspunkt for ei grønsaksuppe.
Desse grønsakene kjøpte eg i Ørsta for 30 kr.  Sellerirot gav god kraft, og to persillerøter vart med i suppa.  Betane skal eg raspe og bruke i salat saman med eple ein dag, har eg tenkt. Eg synest det er greitt å kunne kjøpe litt av kvar grønsak på denne måten!
 
Vi synest det er rart at her vart så tomt tidleg i påska, men vi forstår studentane som vil ha rolege lesedagar.  Når påska er sein, vert det kort tid til eksamen...
 
 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...