mandag 10. april 2017

Palmesøndag 2017

 I dag var vi åtte til bords.  I går kjøpte eg nokre grå brikker på Nille, og jammen fann eg ikkje nokre serviettar med grått i.  Påskeserviettsamlinga mi vart utvida førre veke då der låg pakkar til 10 kroner stykk. 

På menyen stod pinnekjøt, ein rett som mannen lagar.
I morgon skal eg plukke inn store påskeliljer. Denne høna vann eg på husflidsmøtet i mars. 
 Før middag gjekk eg meg ein tur på stien.  Eg møtte ei eg kjenner som hadde funne kvitveis.  Sjølv fann eg berre hestehov.
Også i år angrar eg på alle løkane eg ikkje planta i fjor haust.  Då var det kjekt å finne desse på Floriss.  Når dei har visna, skal eg dele dei litt opp og sette dei der eg vil finne dei neste vår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...