I dag har vi hatt nydeleg sol her. Det kunne sjå ut som skyene hadde lagt seg over Ulsteinvik. Eg venta derfor til etter middag før eg tok meg ein tur på jobb. Det er greitt å sjå over komande dag og veke slik at ein er godt budd. Eg fekk og vurdert ein liten bunke. Tida flyg når ein får arbeidsro.
I går kom voldingane på middag. då åt vi lammelår og fløtegratinerte poteter. Eldstemann bur i nabolaget, så han er lett å be. I dag kunne vi gjere det lettvint og ete restar.
No gler eg meg til Broadchurch!
Bildet over tok eg då eg gjekk gjennom naturreservatet i går. Der får trea døy naturleg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar