tirsdag 11. april 2017

10. april 2017

 I dag kom eg fram til at eg kanskje tenker feil når det gjeld serviettbretting!  Eg tenker at kuverten må sjå fin ut for den som sit der.  Men når ein ser bordet, ser ein servietten frå ein annan kant ...
 I dag laga eg potetball av restepoteter og serverte retar av mor til.  Elles har eg baka foccacia og anna godt brød.
Dagens fornying skjedde i vindaugskarmen.  Som kjent bruker eg å kjøpe julestjerner tidleg i desember i håp om at eg skal ta knekken på dei ein gong i januar.  No skal desse rosene få like godt stell, så kan vi håpe at dei kan få ein ny vår ute i hagen ein gong på seinsommaren.

1 kommentar:

  1. Er innom for å ynskje God påske !
    Litt artig å lese at me har nokså lik middagsmeny :)
    Fint dekka bord ser eg.
    Her er me ein flokk som veksla mellom sju og tolv rundt bordet.
    Kjekt å vere i lag fleire dagar i strekk.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...