Eg likar diverse matsider på facebook, så det kjem ofte oppskrifter på veggen min. For nokre dagar sidan dukka denne gryta opp. Først såg eg attkjennande på panna som stod på bordet heime i mange år, og så las eg oppskrifta. Wenche på Frukost-TV seier at ho kan vurdere ei oppskrift med å lese ho. Slik er det vel med mange. Her såg eg til dømes med ein gong at ein må vere forsiktig med salt viss ein bruker buljong med salt i. 1 ts pepar synest eg også var rikeleg. Start i alle fall med halvparten og smak til! Gryteretten var populær i heimen!
Eg har omsett oppskrifta til nynorsk og kome med eigne merknader i kursiv.
600 g reinskore svinekjøt1 ts salt (NB! 1/2 synest eg var nok)
1 ts pepar (1/2 ts? - smak til)
2 ms margarin til steiking
1 løk, finhakka
1 båt kvitløk, finhakka
200 g frisk sjampinjong i båtar
1 raud paprika i terningar
2 dl utblanda buljong (1 ts buljongpulver og 2 dl vatn)
2 dl crème fraîche, lett
1 ms dijonsennep
1. Steik løk og kvitløk i ei stor gryte. Tilset sjampinjong og paprika.
2. Ha i kjøtet og krydre med salt og pepar. Steik det til kjøtet har fått steikeskorpe.
Eg steikte kjøtet i ei steikepanne ved sida av. Då vert det lettare brunt, og ein sparer litt tid.
3. Tilset buljong, crème fraîche og sennep, og lat det koke i 10 minutt.
Eg synest det er viktig at svinekjøtet vert møyrt!
Server med ris.
Om eg følgde oppskrifta slavisk? Nei, eg hadde berre ein pakke med 500 g kjøt, men så hadde eg putta 300 g sopp i posen. Elles hadde eg både raud og gul paprika. Sidan eg hadde eit beger vanleg crème fraîche i hus, brukte eg det. Der slutta vel retten å vere mager. Ein kan sikkert bruke fløytemjølk med litt sitronsaft om ein ikkje har rømme eller crème fraîche.
I tillegg til ris kokte eg eit heilt blomkålhovud. Blomkål inneheld fleire mineral og vitamin enn ris.
Ein slik romanesco er eit sjeldan syn der eg handlar, så han måtte sjølvsagt bli med heim!
Gryte er herlig høstmat.
SvarSlettDette ser veldig godt ut.
Ha en riktig god torsdag :)