Mobilen og fotoapparatet mitt var utlada i dag tidleg, så eg overlet fotograferinga til mannen. De kan sjå fleire bilde på bloggen hans. Bildet over vart tatt av journalisten utan at eg merka det. Vi fekk med oss toget frå fast plass etter ei "vakt" på bedehuset.
Heime dekka eg til sju sidan foreldra mine ville vere med på folkefesten ...
... og høyre på mannen sin tale 1814 år på 18 minutt og 14 sekund.
Til takk fekk han ein fin bukett!
Elles vil eg seie det var spesielt mykje godt program på festen. Heile barneskulen var på scena med delar av ei Ivar Aasen-framsyning. Eg beundrar og lærarane for den innsatsen dei har lagt ned i dette!
Høyrtes ut som ein noko lang tale... Håpar den var god!
SvarSlettHa! Ha! Ser eg må flytte preposisjonen. Sånn kan det gå når ein skriv inn ord etterpå!
SvarSlettGratulere med overstått dag!
SvarSlett