Det nærmar seg slutten av skuleåret, og vi har kome til tallerkenmodellen i pensum. Grupper på to eller tre lagar ein kvardagsmiddag til fem for under hundrelappen. (Dei får til dømes bestille 1/4 salat eller agurk, så dei får litt for pengane.) retten over er henta frå den nyaste av dei to kokebøkene dei får utdelt i starten av skuleåret. Tortillaene er heimelaga av maismjøl.
Tikka masala laga frå grunnen av. Dei to karane som laga denne, var godt nøgde, men i evalueringa sa dei at dei ville hatt naanbrød til.
I morgon skal det lagast nye og spennande rettar. Det er kjekt å sjå kor flinke elevane vert etter eit års opplæring!
Og så var det å bruke små tellerkenar då ;-)
SvarSlettGodt dei får opplæring.
Ha fin dag!
Ja, tallerkane må vere etter kaloribehovet.
SvarSlettSlankarar må ha halve tallerken med grønt.