mandag 12. mai 2014

Tallerkenmodellen

Det nærmar seg slutten av skuleåret, og vi har kome til tallerkenmodellen i pensum. Grupper på to eller tre lagar ein kvardagsmiddag til fem for under hundrelappen. (Dei får til dømes bestille 1/4 salat eller agurk, så dei får litt for pengane.) retten over er henta frå den nyaste av dei to kokebøkene dei får utdelt i starten av skuleåret. Tortillaene er heimelaga av maismjøl.
Tikka masala laga frå grunnen av.  Dei to karane som laga denne, var godt nøgde, men i evalueringa sa dei at dei ville hatt naanbrød til.

I morgon skal det lagast nye og spennande rettar.  Det er kjekt å sjå kor flinke elevane vert etter eit års opplæring!

2 kommentarer:

  1. Og så var det å bruke små tellerkenar då ;-)
    Godt dei får opplæring.

    Ha fin dag!

    SvarSlett
  2. Ja, tallerkane må vere etter kaloribehovet.
    Slankarar må ha halve tallerken med grønt.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...