onsdag 6. mars 2013

Heilt dronning!

I dag var eg litt tidleg på jobb for å rekke å dekke på eit bord med suvenirar.  For å leve opp til ryktet mitt, kjøpte eg med meg forskjellig småtteri med bilde av dronninga på. Ho må pent finne seg i å ikkje berre dekorere pengesedlar, men til dømes kjeks- og teboksar og kjøkenhanddukar.  Etter kvart kom det fram lakriskonfekt og ei avis der temaet var mageplagene til den 86 år gamle dama.

7 kommentarer:


  1. Det vekte vel stor åtgaum på lærarromet..

    SvarSlett
  2. Ja, det er mykje dei kongelige må finne seg i. I min ungdom var det populært med bilde av Håkon 7.,Olav og Mãrta på fat. Fata skulle helst henge til pynt på veggen. Eg reagerte sjølv om eg var veldig ung. Tykte ikkje det var verdig nok!

    SvarSlett
  3. Ser på kjeksa dine. Er det shortbread? Kvar gong eg har vore i England har eg kjøpt med heim Walkers. Nauta gode kjeks! Artig å sjå utvalet dei har av suvenirar.

    SvarSlett
  4. Det er Walkers shortbread, ja. Dei smakar av smør. Eg må innrømme at eg kjøpte dei på grunn av boksen ...

    SvarSlett
  5. Du er ein fantastisk lærar, alt for elevane! Elles så er vel norsk snop det beste?

    SvarSlett
  6. Dette var på lærarrommet. Elevane fekk sjokolade. Til oss sjølve kjøpte eg Anthon Berg ...

    SvarSlett
  7. Så mye fint du har kjøpt med deg fra London! Jeg har også hatt skolen i tankene når jeg har vært utpå og reist. Jeg hadde nok yngre elever enn deg, og dro med meg en bamse rundt i storbyene jeg besøkte. Bamsen hadde til og med sin egen hjemmeside - her er vi i London hvis du har lyst på å lese :-)

    http://buflod.net/ragnar/sider/england.htm

    Klem, Kari

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...