søndag 31. mars 2013

Genser i Mitu

Då eg starta å strikke denne genseren, tenkte eg at han kom til å bli ferdig i mai.  Genseren ville bli fin til neste sesong, eller kanskje til ein kald kveld på stadion.  Skuldrane streika også i starten av ferien.  Det har begynt å bli ein vane.  Men så fekk eg blod på tann.  Eit strikketøy er fint å ha for å halde seg vaken gjennom lange krimepisodar ...

Eg strikka genseren i medium på pinnar 4 i staden for 4 1/2.  No skal eg strikke tilbehør, ein laus hals som i oppskrifta og eit panneband.

Mor mi strikka nokre slike calorimetryar.  Dei har eg brukt mykje når eg er ute og går. Eg synest det passar godt med lik hals og panneband.

6 kommentarer:

  1. Ein nydeleg og kledeleg genser!

    SvarSlett
  2. Kjempefin vart han, genseren. Faren med å halde på med slike kjekke arbeid er at ein kanskje blir FOR ivrig. Det er litt derfor eg held meg mykje til lestestrikking. Har sett Lewis i to kveldar no, det er så kjedelig at det er så vidt eg held ut. Har tatt ogg noko på TV2 som vi har i reserve.

    SvarSlett
  3. Eg likte så godt at han endeleg fekk fingeren ut og slo til med rettsmedisinaren. No er eg berre redd for framhaldet i dag. Ingen kriminalheltar skal vere lenge lukkelege!

    SvarSlett
  4. Nydeleg genser! Tykte Lewis tok seg opp i går, sjølv om assistenten ikkje var så framtredande, likar han best...

    SvarSlett
  5. Å den genseren var kjempefin til deg....

    SvarSlett
  6. Takk skal de ha! Eg likte den godt då eg såg mønsteret, og den var veldig kjekk å strikke.









    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...