mandag 25. mars 2013

Rørebrød

Desse frøbrøda har vorte svært populære i familien.  Det daglege brødet er som kjent 75% grovt.  Men i helger kan ein skeie ut! I går visste eg at eg skulle stå tidleg opp, så då passa det godt å bake dei til yngstemann kom heim.  Prosessen startar kvelden før.
2 brød i 1 1/2 l former
5 g gjær
600 g kaldt vatn
780 g kveitemjøl
100 g frø 
2 ts salt

Veg opp og rør saman ingrediensane om kvelden. Du har rørt nok når alle ingrediensane er blanda. Dekk bollen med lok eller plast.  Eg synest det er greitt å bruke ein tallerk.
Morgonen etter har deigen heva seg godt.
Legg nokre frø på eit bakepapir eller ei bakematte om du har,
Bruk ei deigskrape til å få deigen ned på matta.  Trykk deigen litt flat og del i to.  Rull saman utan at det kjem fleire frø inni.
Ha brøda i godt smurde former.
Set steikeomnen på 250 grader medan brøda hevar ein time.

Set brøda i omnen.  Kast 1/2 dl vatn inn i omnen.  Senk temperaturen til 200 grader etter ca 15 minutt.  I min omn må brøda stå ca 50 minutt til saman.

2 kommentarer:

  1. Eg kjøpte den boka om knafrie brød, men har ikkje prøvd oppskriftene enno. Det speltbrødet som eg laga i dag heva lenge med lite gjær, har ikkje smakt det enno.

    SvarSlett
  2. Karane her et gjerne ein halv frøloff! Det utviklar seg god smak og deigen er grri å ha med å gjere. Dette må du prøve!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...