lørdag 16. mars 2013

Litt nytt

 I dag fekk han som skal til Tyrkia, bestemme menyen.  Det vart nakkekotelettar med bernaisesaus, poteter og grønsaker med svisker, sylteagurkar og rognebærgele attåt.
 Då eg var innom Nille for å kjøpe eit adapter til turen, kom eg over desse serviettane.
 Og så har eg skaffa meg nytt strikketøy.  Eg kom over denne genseren då eg søkte på nett.  Eg likte godt at det er laus krage.  Garnet er Mitu, det same som til Forbrytelsengenseren og Farmengenseren.  Det vert litt restegarn etter desse prosjekta, så då er det greitt at det er same garnet.
På biblioteket har eg lånt denne boka.  Eg må prøve å få lese noko anna enn krim innimellom.

3 kommentarer:

  1. Fin genser! Margrete ønsker seg "Eskimogenser"-vi er på leit etter høvelig mønster. Elles går det i lester for tida.

    SvarSlett
  2. Eg har etterlyst boka "Noderne norsk strikk" som eg skulle få i hobbyklubben. Trur der skal vere eskimomønster.

    SvarSlett
  3. Høres ut som en riktig god middag.
    Kaninene på de serviettene var jo kjempesøte.
    Ja det hender det kan være praktisk med litt travle dager.
    God å få tømt kjøleskapet innimellom så er det enklere å vaske.
    Ønsker deg ei riktig god uke :)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...