fredag 29. mars 2013

Nok ein nydeleg dag

 Også i dag har det vore ein nydeleg dag her hos oss. Gutane for på fjelltur.
Som de ser på dette bildet, må ein bere skia eit stykke før ein kjem opp til snødekte fjell.

 Vi andre trimma på andre måtar.  Eg tok min vanlege runde  - rundt vatnet.
Også i dag gjekk eg på vegen.  Det ser ut som der er både snø og is på stigen.
Eit lite apropos til jula som varer til påske. Julestjerna måtte eg hive ut i snøen for å ta knekken på!

No gjer studenten seg klar til å ta nattbussen til hovudstaden.  Han vil kome i gang med lesinga. Det er ikkje så lenge til mai og eksamen.

2 kommentarer:

  1. Fint å gå tur i låglandet også, men dessverre ikkje så mange vårteikn å sjå enno.

    SvarSlett
  2. Nei, men vi får håpe det snart kjem ein "eksplosjon"!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...