onsdag 17. oktober 2012

Bok 50: En lykkelig mann

Eg har lese fleire bøker av Arto Paasilinna tidlegare.  Dette er finst forteljarglede på sitt ypparste.

Ingeniør Akseli Jaatinen kjem til Granbacka for å bygge ei ny bru.  Han kjem godt ut av det med arbeidarane, noko borgarskapet ikkje liker.  Eit par kvinnehistorier gjer det ikkje betre.  Det vert gjort fleire forsøk på å knekke han på ulike vis, men han reiser seg kvar gong.  Til slutt er han både fabrikkarbeidar og rådmann.

Det er måten dette vert fortalt på som er genial.  Ein kosar seg med den heller naive forteljarstilen. Samtidig er det alvorlege problem han tek opp.  Men hemnen mot maktmisbrukarane er søt.

3 kommentarer:

  1. Eg har lese dei fleste av Paasilinna sine bøker, og dei er utrulig morsomme. Men det held med ei om gongen.

    SvarSlett
  2. Heil einig. Det same gjeld John Irving. Nesser var greitt å lese som serie, Barbarotikvartetten.

    SvarSlett
  3. Den kjøttpuddingen under her så fabelaktig ut. Jeg har ikke laget det på mange år. Jeg har en kjempegod sauserest i frysen som lett kan brukes til kjøttpudding. Takk for tips! Det skal jeg jammenmeg lage!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...