mandag 8. oktober 2012

Du har vel sett?

Det var ein elev som meinte at Hellstrøm ryddar opp måtte vere eit program for meg.  Temaet kom opp då eg sa at eg aldri ville ha gitt nøkkelhol til ei såkalla frukostblanding. Folk flest har vel fått med seg at corn flakes er reine sukkerbomba.  Eg meiner at den som går under namnet fitness ikkje ligg langt unna. Sjølv om den er laga av av fullkorn, inneheld den nesten like mykje sukker som corn flakes.  Og fitness har fått nøkkelhol!  Vel heller firkorn eller havregryn!

I går tok eg meg tid til å sjå ein episode av Hellstrøm ryddar opp heime.  Han kom til ein familie der borna ikkje likte grønsaker, og der faren var det største barnet. Far laga pølser og makaroni til seg sjølv og borna. Fisk til middag hadde dei aldri ete.  Det var artig å sjå korleis Hellstrøm greidde å få eldstejenta til å ete rå grønsaker.  Då Hellstrøm kom attende, åt sjølvsagt familien ein fiskemiddag laga frå grunnen av.

Familien fekk lære om ferdigmat.  Dette var god folkeopplysning. Eg har trudd at sommarkotelettar er røykte.  Men dei er tilsette røyksmak!  At ferdigmarinert mat ikkje er verken godt eller sunt, det visste vi vel frå før.  Men også borna her i huset liker det.  Hellstrøm gjekk gjennom ein god del bestseljarar.  Det er tankevekkande.  Eg hugsar då eg prøvde å få kjøpt ein kylling i butikken før dei grilla han ...

Det eg også synest var positivt med programmet, var at Hellstrøm fokuserte på matglede og sunn og god mat.  Der var rett nok ein ernæringsfysiolog som poengterte at maten dei åt før, var energirik og næringsfattig.  Ofte elles vert det snakka om slanking. I neste episode skal han ta for seg ein aktiv familie som slurvar med matstellet.
Elles la eg merke til at Hellstrøm drakk raud saft att åt fisk.  Det hadde eg ikkje trudd han gjekk med på!

Dagens tips frå meg: Lag sitronvatn:  Del ein økologisk sitron i litt store båtar.   Fyll på vatn.  Etter måltidet fyller du på meir vatn.  Sitronen gir smak til mange liter.  Når vatnet smakar beiskt, spanderer du ein ny sitron.

4 kommentarer:

  1. Kanskje eg skal sjå på programma til Helstrøm.
    Har sporadisk sett og syns han er så ufin at eg ikkje orkar.
    Bra at han spreier kunnskap og gode vanar...

    Elles einige med deg om sitronvatnet.

    SvarSlett
  2. Synest han var flink med den skjønne jenta. Han er vel strengare med profesjonelle enn vanlege folk som innrømmer at dei slit. Og flott at han viser enkel heimelaga mat.

    SvarSlett
  3. Såg og programmet i går, og læret mye nytt.
    Et flott program som viser godt hvor "lett"
    en kan snu ungers matvaner.
    Ha en god tirsdag :)

    SvarSlett
  4. Takk for det!
    Ja, eg trur det var vanskelegare å snu faren. Born lærer ved eksempel. Elles trur eg det er viktig å ta med folk på handlerunde og inspirere dei til å velje rett.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...