lørdag 27. oktober 2012

Under i vindaugskarmen

 Eg har ein del orkidéar, dei fleste kjøpt på Floriss for 99.  Dei finaste får stå i vindaugskarmen, og så set eg dei som er avblomstra inn på eit anna rom til dei som oftast kjem med nye blomster eller stilkar.

På frukost-TV på måndag sa Finn Schöll at det kan kome nye plantar oppetter stilken.  Det har eg aldri opplevd!
 Men ein skal aldri seie aldri.  Denne orkidéen har stått bak godstolen min.  Det må ha skjedd relativt fort, for eg vatna han og tørka støv i vindaugskarmen for ei veke sidan.
Skal tru om eg skal kutte den vesle planten av og prøve å la den vekse seg stor.  Eg bør i alle fall dusje røtene innimellom?

8 kommentarer:

  1. Eg har også ein orkidé som har fått ein stilk med ny plante-men ikkje blomst på. Enno i alle fall.

    SvarSlett
  2. Spennende med planter som en opplever gjør ting en ikke har sett før. Jeg har en orkide som i to år har hatt en ny plante oppe på stilken. Har tenke å sette den i ei potte. Men må jo få tak i riktig type jord først. Den vokser og utvikler seg der den er også. Men har ikke hatt blomst på den enda.
    Ha ei fortsatt god helg :)

    SvarSlett
  3. Eg har orkidéjord. Eigentleg treng dei vel berre næring. Jorda er berre for å halde dei på plass. Eg såg dei berre hang i eit "tre" i ein blomsterbutikk. Blomsteren er vel på morplanten. Ein merkeleg kombinasjon! Men veldig artig!

    SvarSlett
  4. Opplevde det same for nokre år sidan. Stilig!

    Oppdaga ny spire i dag på ein gul orkide som betyr masse for meg. Herlege små gleder i kvardagen.

    God helg!

    SvarSlett
  5. Eg tømte nylig ei potte med "orkidé-jord". Og kva var det i potta? berre meir av det som ligg oppå, ein slags trebitar. Fantest ikkkje eitt gram jord!

    SvarSlett
  6. Det er vel meir bork. Orkidéane er epifyttar (måtte leite fram det ordet ...). Dei lever på andre plantar. Borken er vel helst for å halde dei i potta.

    SvarSlett
  7. Kjekt når det skjer under med plantene ja.
    Eg har òg opplevd ditta, men hugsa ikkje heilt kva som skjedde vidare.
    Så Finn Schøll sa ikkje noko om utplanting av den nye ?

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...