fredag 14. august 2015

Skulestart

No har eg vore på jobb i tre dagar.  Onsdag regna det. Det syntest eg var heilt greitt! Når det har vore så dårleg ver som i år, treng det ikkje skine opp til planleggingsdagane... Både i går og i dag har det vore fint, så no satsar vi på ei nydeleg helg på tampen av ferien.

Måndag startar elevane.  Det er alltid kjekt!

Yngstemann reiste attende til hovudstaden i dag ettermiddag.  Det er alltid like vemodig. Sidan i vår har både broren og kusina flytta dit.  Kor mykje dei kjem til å treffast, veit eg ikkje, men dei har no kvarandre om det skulle vere noko.

Neste år kan vi risikere å vere "barnlause". Vi håper ungdomane flyttar nærare etter kvart.  Den eldste har allereie gjort det.

Framleis ventar eg på at Peacerosene skal sprette ut.  Det hjelper kanskje med nokre varme dagar. Astilbene på bildet hadde eg i krukke i fjor saman med sommarblomstrane før eg planta dei ut.  I år har eg gjort det same med ein peon.

1 kommentar:

  1. Det er mange milepelar i livet, iallfall når ein har born.
    Ein ser ofte at dei kjem nærare når dei stiftar familie...
    Rosene er seine i år, dei nyaste mine er berre i knopp enno. Me lyt
    skulde på veret ;)
    God helg.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...