
Denne romanen har tre forteljarstemmer, noko som er litt spesielt, men det gjer romanen interessant. Spesielt den lett forfylla Rachel har ein noko samansett natur. Ho gjer ting som ein absolutt ikkje BØR gjere, men som sikkert kan vere freistande.
Mo slutten, ca 3/4 ut i boka, veit vi kven mordaren er. Eg veit ikkje om det er eit forsøk på å skrive ein thriller som gjer at boka held fram lenge etter at spenningskurva har flata heilt ut?
I ein bokhandel på Gardermoen såg eg at dei reklamerte på omslaget av romanen med at dei som likte "Flink pike", ville like denne. Det er kanskje derfor tittelen ikkje er "Jenta på toget"? For ho som sit på toget er ei vaksen kvinne ... den engelske tittelen er "The girl on the Train".
Eg tenkte faktisk på "Flink pike" då eg las denne boka. Men denne er langt frå så bra.Særleg er slutten noko langdryg.
SvarSlettEg brukte så lang tid på boka og las så mykje om att at eg torde nesten ikkje meine noko om den.
SvarSlettEg las den på kort tid. Langdryg slutt ja!
SvarSlett