fredag 21. august 2015

Rips

I dag plukka mannen ripsbær medan eg laga middag.  I sommar har eg alltid hatt fløyte og vaniljesaus i kjøleskåpet slik at dei som vil kan plukke seg bær.
I går vart eg gjort merksam på ein ny blogg, Mat og helse.  Der fann eg ei oppskrift på ripsis.  Eg hadde noko fløyte eg ville bruke opp.  Der var nesten 5 dl, så eg gonga oppskrifta med tre. Bollen vart heilt full.  Ein annan gong vil eg berre doble oppskrifta ...
No har eg frose isen ned i to tolitersformer kledde med plastfolie.  Eg får legge ut oppskrift på min eigen blogg når eg har lagt isen på fat. Vert han vellykka, kan ein prøve med andre bærsortar også. 

4 kommentarer:

  1. Dette ser spennande ut. Gler meg til å høyre resultatet.
    I skrivande stund kl 21.35 sit me på altanen...! og et bl a rips til dessert.
    Me prøver å erstatte sukkeret med honning der det går an, og vart positivt
    overraska over kor godt det var med flytande Akasiehonning på dei sure ripsbæra !
    Bittelitt vaniljesaus er godt på, men kan faktisk sløyfast.
    God helg !
    Her er helga starta forstår du ;)

    SvarSlett
  2. Ja, no kan ein sitte ute til langt på kveld!
    Eg har ikkje begynt med honning. Eg veit Berit Nordstrand sin bodskap om det ...
    Til no har eg berre ete bær rett frå buskane. Det gjer eg ein gong for dag - minst.
    Studenten slo plen heile sommaren, så eg unnte kroppsarbeidaren dessert.

    SvarSlett
  3. Høres friskt og godt ut. Må nok lage det til helga tenker jeg.
    Skal ha middagsbesøk på søndag. Og har fløte i frysen.
    Har ikke prøvd å priske krem som har vært fryst, men har
    hørt at det går ann så da kan det jo prøves nå.
    Tror jeg vil ha litt vaniljesukker i isen, er veldig glad i vaniljesmaken.
    Takk for tipset :)
    Ha ei herlig helg :)

    SvarSlett
  4. Eg og stod og vurderteom eg skulle ha i vaniljesukker. Men eg bruker å følgje oppskrifta første gongen.
    Eg har ikkje prøvd å piske frosen fløyte. Det har eg berre brukt til vaflar og middagsrettar. God helg!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...