I dag tok eg meg ein liten bytur. Ærendet var å få tak i nokre innesko til skulekjøkenbruk til elevane. Eg oppdaga at eg mangla sko i små storleikar. Dei bruker å få låne "crocks"til innebruk.
Det art til at eg tok meg ein runde på dei to kjøpesentera. På Mestergrønn hadde dei solhattplantar. Når regnet kjem skal eg plante den ut i god jord.Eg har forskjellig anna og som skal få kome i bed og bli vatna av regnet.
Dei tre buskane har vore tema på bloggen tidlegare år. I vår trudde eg den eine hadde stroke med, men no står alle tre fint, og dei har blomstra på skift. Den i midten har vakse seg skikkeleg stor. dette har eg opplevd før. Buskar kan stå "på staden kvil" før dei får ein enorm vekst.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar