onsdag 19. august 2015

Bok 38: Fjorden

 
Poetisk og brutalt om dei store spørsmåla. I "Fjorden"reiser ein vaksen far og ein åtte år gammal son ut langs Hardangerfjorden med raude og blå bussar under stupbratte fjell. Heimreisa gjør dei om bord i ein liten brun trebåt med kvit påhengsmotor. Ei heimreise som veks og blir til meir enn ein sommardag på fjorden. "Fjorden" er ein roman om den reisa som forandrar oss. Utan at vi heilt veit kva det er, veit vi at etter denne reisa, er noe forandra. Og vi veit at vi kjem til å bera med oss denne forandringa; som ei perle, eit smykke, eit sår, eit arr.
 
Denne romanen er av dei meir stillfarne.  Eg-personen har nettopp misst far sin.  Han sit att med bestemte meiningar om faren og den dårlege rollemodellen han har vore.  Han gir han skulda for sin eigen måte å takle farsrolla på. 
 
Så begynner han å tenke attende på sin eigen barndom.  Farfaren var ein god bestefar, men faren ville ikkje ha kontakt med han.  Kven var faren? På fabrikken er han ein flink arbeidsmann og godt likt kollega.  Heime kjem han til kort. Har han sett faren gjjennom mora?
 
Det gode far og son hadde saman, var ein båt.  Turen då dei henta denne båten saman står sentralt i handlinga.  Gamle sanningar står kanskje for fall?
 
Eg likte denne romanen.  Forfattaren les sjølv med Odda-dialekt.  Det gjer at ein kjem nærare inn på eg-personen. 

2 kommentarer:

  1. Eg HAR lese denne boka, men hugsar lite. Må slå opp i bloggen for å sjå om eg likte den.

    SvarSlett
  2. No ser eg at du og Margrete las den for nokre år sidan. Eg er samd i det Margrete skreiv som du slutta deg til ...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...