lørdag 8. august 2015

70-årsfeiring

 Det har vorte ein liten bloggpause her hos meg.  Det betyr ikkje at det ikkje har skjedd noko her -tvert imot. Torsdag vaska eg klede og rydda hus. Det er rart med det etter feriar. Eg fekk og triveleg besøk. 

I går hadde vi besøk av bror min med famile.  Det er alltid kjekt.  Vi ser dei berre så altfor sjeldan. 
 I dag har vi feira svigerinna mi sin 70-årsdag.  Så fekk vi treffe den delen av slekta! "Borna" der er vaksne alle saman. 

Inni festen var det lagt inn ein tur til Daugstadsetra.
 Eg har ikkje innhenta løyve til å legge ut bilde av folk, så blogglesarane får nøye seg med naturbilde.
 Sjølv ein skrothaug kan ha sin sjarm.
 Vegen gjekk heilt opp til desse hyttene.

Dette siste bildet er frå Sæssetra.  Her gjekk kyrne på beite.  Det er ikkje melkekyr, men "torrkyr".

Det var kjekt og interessant å høyre svigerinna mi mimre om ei tid som var.  Ho hadde mange gode minne frå seterlivet.  No vert ikkje setrane drivne på den måten.

2 kommentarer:

  1. Tur til Daugstadsetra seridyllisk ut.
    Eg måtte google for å finne den.
    Kjekt med slike innslag i selskapsprogrammet.
    Då hugsa eg 50 års feiringa til Bente G. Jonsson på klubbhuset i Hj.våg og tur til Gamleåsen med kjentmann som fortalde. Kjekt !
    God søndag.

    SvarSlett
  2. Takk for det!
    Ja, det var kjekt for både dei vaksne som lytta - og for dei små borna som fekk gå litt fritt!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...