lørdag 5. februar 2011

Menneskemat?

Diskusjonane har gått høgt denne veka: Er kyllingkjøtdeig menneskemat?

Når NRK også sender eit program der dei viser korleis ein lagar kyllingpølser av MUK, har skeptikarane fått rett.  Det programmet viste, var "sjokkerande".  Eg må innrømme at det dei viste, var akkurat slik eg hadde sett for meg pølselaginga. Det ligg i korta at ein får i seg meir enn kyllingfileten.  Når vi et grilla kylling, et vel dei fleste skinnet og gneg godt av beina.  Kva er verre med dette?

Når det er sagt, så skal eg og innrømme at kyllingpølser ikkje står på menyen her i huset.  Ein gong eg støtte på ei demonstrasjonsdame frå Prior, spurte eg henne rett ut  kva for gyseleg krydder dei har i desse pølsene.  Ho visste det ikkje.  Det er vel ein industriløyndom.  Men smakar ille gjer pølsene når ein et dei, og ettersmaken får ein plagast med.

Kyllingkjøtdeig får ein for 12-13 kroner pakken for tida.  Problemet er at den er heller smaklaus.  Etter ein del eksperimentering har eg kome fram til at ein kan lage bologneseliknande sausar av den viss ein til dømes tilset Cemo krydder t.d. riskrydderet, salt, pepar og buljongterning.  I gryta over hadde eg og i ein boks kvite bønner i tomatsaus.  Eg serverte grov pasta til, den eg fekk attpå.

2 kommentarer:

  1. Eg har smakt kyllingpølser EIN gong. Say no more.

    SvarSlett
  2. Berre ein ting er verre, har eg høyrt, nemleg laksepølser. Dei kom fort ut av marknaden. Eg kjøpte dei aldri.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...