lørdag 26. februar 2011

Vaflar til VM


Eg har ikkje kalla vaflane mine VM-vaflar, for då ville vel folk forventa oransje vaflar med havrekli.  Mine vaflar er sunne og gode.  Her i familien er det mange som trenar og treng litt ekstra påfyll av energi. Eg lagar røra slik at ho får svelle ein time eller to.  Men først tek eg opp litt frosne bær frå frysaren og strør melis over.  I dag fann eg både bringebær og jordbær. Dei tinar raskt.  Bringebæra kan ein ete som dei er.   Jordbæra kan ein knekke med ein gaffel om ein vil.  

Eg har lagt ut oppskrift på vaflar fleire gongar.  No for tida er det denne eg tyr til.  Her er ekstra egg.  Sukkermengd og smørmengd får ein tilpasse sin eigen smak. Har ein i rømme- og/eller fløyteskvettar, får ein ha i litt meir kveitemjøl. 

8 egg
4 ms (1/2-1 dl) sukker
1 l kulturmjølk (mørk blå)
2 1/2 dl lettkokte havregryn
2 1/2 dl sammalen kveite, fin
2 1/2 dl kveitemjøl
1 ts natron
1/2-1 dl smelta smør/flytande bremykt

Server med smør, rømme og rørte bær til.


P.S.
Eg har frosne blåbær i frysaren og.  Så eg skal snart følgje mitt eige råd og servere dei lettsukra til pannekaker.

5 kommentarer:

  1. Ser at du brukar berre sur melk i vaflane. I oppskriftboka som vi hadde på skulekjøkkenet var vaffeloppskrifta med berre søt melk, noko som eg meiner gir seige vaflar.Så eg fann opp ei oppskrift med 50-50 søt og sur melk. Heime brukar eg det eg har: melk, rømme,fløte, restar av risgraut etc. Lenge før det var vanlig begynte eg å ha lettkokte havregryn i røra, for å gjere vaflane sunnare og meir mettande.Det er sjeldan vi har vaflar her når vi ikkje har besøk.

    SvarSlett
  2. Det er ein fin måte å rydde i kjøleskapet på ...

    SvarSlett
  3. Takk for oppskrifta, trur eg også må gå over til den grovare vafla. Godt at du har aktive famileimedlemmar, elles hadde dei vel vore trill runde, så mykje godt som du lagar. Håper dei er klar over kor heldige dei er...
    Eidabesta

    SvarSlett
  4. I det daglige går det i grovbrød. Vaflar et vi og så pass ofte at dei godt kan vere grove.

    SvarSlett
  5. Det er ein grunn til at eg ikkje lagar så mykje godt i kvardagen, for å seie det slik.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...